Medievaner

september 2, 2007

Mine medievanar er ikkje det dei eingong var. For veldig lenge sidan var det til dømes teikneseriane klokka 8 om morgon som var viktige. Slik er det ikkje lenger. Det skulle då berre mangle :P

No for tida er alt eg ser av fjernsyn det som går frå klokka fire om ettermiddagen til klokka seks, i beste fall. Som oftast tek eg meg berre tid til ein halvtime med dum, amerikansk situasjonskomedie. Til tross for dei ekstremt intetsigande plotta, underheldt dei særs bra, og får tankane fekk frå alt ein bekymrar seg for. Ein etterlengta avkopling, rett og slett :P

Alt utanom “sitkommane” tek eg meg ikkje tid til. Eg såg nokre seriar før, men ikkje no lenger. Det vert for dumt å bruke veke på veke for berre å sjå neste episode, spør du meg. Nei, då tek eg heller til internett. For dersom det er noko eg verkeleg ville sett, er eg berre nokre tastetrykk unna. Eg kan til og med sjå det når eg vil, noko fjernsynet er milevis frå å kunne tilby.

Aviser les eg, men berre når eg har tid. Dvs, mest i helger og feriar, helst servert med frukost. No skal det seiast at eg for så vidt ikkje har bruk for aviser, alt som står der er og på internett, i tillegg til ein heil del anna. Og når noko sensasjonelt nettopp har hendt, føretrekk eg å surfe nettet enn å bla opp i aviser kanskje lenge etter at hendinga faktisk har skjedd. Det er likevel noko eiga med papiravisene, noko ein ikkje får gjennom internett eller fjernsyn, noko som gjer dei verdt å halde på.

Med andre ord består medievanane mine av internett, internett, internett og internett. Grovt sett. Eg tilbringer i grunn alt for mykje tid framfor skjermen. Underhaldning, sosialisering og læring. Internett tilyr alt dette mange gongar betre enn båe aviser og fjernsyn til saman. Internett er for meg, og sikkert for mange andre, den ukrona mediekongen. Ingen over, ingen på sida.

Er det rart fjernsynet taper terreng?

PS,
fann ein morosam film som passa bra til emnet. Den går litt kjapt i starten, så ein må nok pause litt for å få med seg teksten. Det er eigentleg ein Flash-animasjon ;) Og ja, den har eit til tider vulgært innhald, så den må sjåast på eiget ansvar :P

EDIT: Fann forresten teksten.

On August 1, 1981 at 12:01 am, MTV aired its first music video, “Video Killed the Radio Star” by the Buggles. This debut is still remembered as the breakthrough cultural event of the early 80′s, making the beginning of the music video era. Even today, [over twenty-six] years later, this video and related commentaries can be found on numerous sited all over the Web.

Appropriately enough “Video Killed the Radio Star” celebrated the birth of one new medium – the music video – and mourned the waning of another – radio.

On June 6, 2000, eStudio.com helped usher in another paradigm-breaking medium with parody of the original MTV video – “Internet Killed the Video Star.” Like the video if parodies, “Internet Killed” chronicles the explosive growth of a whole new medium – the Internet. This animated music parody leaves a lot of roadkill in its wake – MTV, AOL, Bill Gates and others, and is the first in a series of animated music parodies from eStudios that will appear on shockwave.com.

——–

Mmmmmmmm, kake.

Ei tilbakemelding til “Medievaner”

  1. Lars Berntsen sa

    Takker for et godt innlegg og en veldig bra video! Kan du legge en lenke til denne videoen på wikien vår?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.