Heimeside
september 11, 2007
Kva vil eg lage ei heimeside om? Det er jaggu meg eit godt spørsmål, for eg er nemleg ikkje noko sikker i det heile tatt. Kanskje ei side om noko eg likar å halde på med, noko eg veit ein del om? Det kunne i så fall ha vore om fotografi. Eg kunne lagt ut ein portfolio, i tillegg til å legge med mykje informasjon om båe utstyr og teknikkar som eg har plukka med meg. Sida måtte òg inneheldt linkar til andre fotosider, forumer og Flickr-profiler.
Om ikkje det, har eg alltids dykking eg kan skrive om. Ei side med opplevelsar, utstyr og plassar eg gjerne vil dele med andre dykkarar rundt omkring. Kanskje ein kombinasjon med nokre bilete òg, sjølv om eg då måtte gått til innkjøp av eit svindyrt undervasshus…
Til slutt kunne eg linka til ei anna side, til dømes med gode oppskrifter for havmat *hint hint*
Alt i alt er eg definitivt ikkje sikker. Har gått å tenkt på det i helga, men ikkje noko har stått klart fram. Eg håpar enno me får litt lengre tid til å tenkje oss om.
—–
Kake nokon?