Framdrift
september 17, 2008
Oppgåve 5.
Nytt år, nytt design
august 21, 2008
Etter eit heller langt avbrekk frå bloggen, har no skulen starta opp att og gjenopplivinga er eit faktum. Til denne anledningen har sida fått eit ansiktsløft i form av eit splitter nytt design. Ta-da!
Altså, idag var første time med IT2, og det første som skjedde var lekse om å skrive blogg til morgondagen. Mens eg sit her med ein improvisert iskaffe tenkjer eg difor på kva eg forventar av og vil gå gjennom i løpet av dette kommande skuleåret.
Det første som slår meg er naturleg nok at eg forventar mykje koding. Som ein konsekvens av dette forventar eg å verte ein heil del meir datakyndig enn kva eg er no. I mine augne er koding noko av det meir avanserte ein kan gjere på ei datamaskin, og er noko eg ser fram til. Per idag er mine kunnskaper med koding rimeleg nært null.
Eg forventar, og håpar, å få lage ulike ting gjennom kodinga. Animasjonar er nok ganske sjølvsagte, og håpar i tillegg på moglegheiten til å lage til dømes spel og program i Flash. Spesielt program er eg spent på korleis ein utviklar, og håpar me kan få moglegheiten til å undersøkje dette.
Elles vil eg berre fortsetje å stresse spørsmålet om me vil få moglegheiten til å drive undervisning i Second World eller tilsvarande? Det byrjar snart å verte knapt med tida no
Hello world!
august 26, 2007
…synast eg passa så godt som tittel på første post at eg vil berre late den vere der. For dette er den første bloggen eg har oppretta, og dette er den første posten eg skriv. Kanskje har eg oversett det, kanskje har eg berre aldri interessert meg, men noko blogg har eg ikkje eingong vurdert før. Det som måtte til var tydelegvis eit nytt fag der det vart påkrevd
Så ta i mot meg med åpne armer! Kven veit, kanskje denne blogginga fell i smak etter kvart?